OPNINGSFEST: Det nye robotikksenteret på HVL markerte opninga torsdag, og vart overraska med gåve på 7,5 millionar.
Publisert 16. mars 2023

Lagar hjelpande hender til det lokale næringslivet

Gizem Ates Venås skapar robotar som skal hjelpe små og mellomstore bedrifter. No får Robotikksenteret ho jobbar på 7,5 millionar til å vidareutvikle arbeidet.
Det nye forskings- og innovasjonssenteret HVL Robotics Lab blei opna torsdag.
Senteret skal styrke teknologiutdanningane samt bygge kapasitet til forsking og utvikling i lag med det lokale næringslivet. Sparebanken Sogn og Fjordane si eigarstifting Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane delte ut 7,5 millionar kroner til oppstart av senteret, og var på plass under opninga for å dele ut gåva.
Gizem Ates Venås har nyleg levert ei doktorgradsavhandling på senteret.
– Eg prøver rett og slett å oversette det menneskelege til eit språk roboten kan forstå. Målet mitt er ikkje at robotane skal erstatte, men hjelpe den tilsette i jobben sin, og lagar robotar som skal gjere nettopp dette. Eg set stor pris på at banken og andre støttespelarar gjev bidrag som sikrar at vi kan fortsette forskinga vår, fortel Gizem.
Saka held fram under biletet.

Trygge å samarbeide med

At robotane har «menneskelege eigenskapar» er viktig for laben på Høgskulen.
– Desse robotane er fleksible og ettergivande. Viss du legg handa di på ein av dei, stoppar den gjerne det den gjer. Dette gjer dei trygge og gode å samarbeide med, seier Erik Kyrkjebø, forskar og leiar for det nye forskingssenteret.

– Inspirerande

Direktør for bedriftsmarknad, Roy Stian Farsund, representerte banken på opninga med ein sjekk på 7,5 millionar kroner.
– Det er utruleg inspirerande å sjå korleis HVL jobbar så aktivt opp mot næringslivet. Eit variert studietilbod er viktig for lokalsamfunnet vårt, og næringslivet og studiestadane bør, skal og må dra synergiar av kvarandre. Vi ønsker lykke til med prosjektet, og vil takke gode krefter ved HVL for å få dette til. Dei gjer ein viktig jobb for å løfte studietilbodet i regionen ved å tenke nytt og stort. Det treng vi, seier han.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Idrett og musikk i samspel

Banksjef Ole Aukland ved Florø-kontoret kunne ikkje funne ein flottare arena for å dele ut gåver enn i Eikefjord. For under Kongleriket-turneringa søndag vanka det pengar til både musikk og idrett i bygda.

Les heile saka
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024
Snart får dei ein stor Bjørnis6. mai 2024
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024